Helsesjukepleiar

Arbeidsplassen • dalen, vestfold og telemark, Norway • Posted June 28, 2026

Location dalen, vestfold og telemark
Job Type Full-time
Category Healthcare
Posted June 28, 2026

Ledig vikariat i 100% stilling som helsesjukepleiar i Tokke kommune

Tokke kommune har ledig vikariat i 100 % stilling som helsesjukepleiar. Er du helsesjukepleiar og har lyst på ein spanande og meiningsfull jobb? Då kan dette vere noko for deg! Frå 1. september 2026 til 01.mai 2027 har kommunen ledig vikariat i 100 % stilling som helsesjukepleiar. Vikariatet kan bli forlenga eller gjort om til fast stilling på sikt. Arbeidet er knytt primært til skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom. Arbeidstida er dagtid i fleksitidsordning, men ein må også rekne med noko kveldsarbeid.

Helsestasjonen har eit godt og engasjert fagmiljø, og du blir del av eit team med helsestasjonslege, helsesjukepleiarar, sekretær og jordmor (organisert via jordmorsamarbeidet i Vest‑Telemark). Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysio- og ergoteapiteneste og psykisk ...

Interested in this role?

Click the button below to start your application.

Apply Now